Gå til innhold/innhald
Illustrasjon som viser ulike demokratiske kjennetegn plassert inne i tannhjul.
Illustrasjon: Stortinget

Kva kjenneteiknar eit demokrati? Og kva kan trua det?

For at eit land skal kallast demokratisk, må ei rekkje kriterium vera på plass. Mange stader i verda er fleire av desse under sterkt press.
  • VGS
  • Tekst
  • Oppgåve
  • 45 min
  • VGS

Lærerveiledning

Hva skal til for at et land skal kalles demokratisk? Og hva truer demokratiet, både i Norge og andre land?

Om opplegget

Land kan være mer eller mindre demokratiske. En rekke kriterier må oppfylles samtidig dersom land skal regnes som fullverdige demokratier. "Hva kjennetegner et demokrati?" gir elevene en oversikt over de mest sentrale.

Oversikten består av flere sider:

  • En innledning om demokrati
  • Fire sider hvor noen av de viktigste kjennetegnene forklares,
  • En side med eksempler på at disse kjennetegnene har vært under press de siste årene, både i Norge og i andre steder i verden.
  • Til slutt en side med oppgaver, knyttet til både kjennetegn og truslene som beskrives i oversikten.

Forbereldelser og videre arbeid

Det er ikke nødvendig med noen forberedelse før dere arbeider med dette opplegget. Opplegget passer fint som en innledning til demokrati som tema, og kan kombineres med andre ressurser på Stortinget undervisning.

Gjennomføring

Her er et forslag til hvordan opplegget kan gjennomføres i klasserommet. Opplegget kan gjennomføres på en skoletime.

  • Begynn timen med å lage en ordsky eller lignende om hva elevene mener kjennetegner et demokrati.
  • La elevene lese teksten til denne siden, eller andre ressurser. Det går også an å la elevene jobbe i grupper med hver sine demokratiske kjennetegn.
  • Diskuter oppgavene nederst enten i små grupper, eller i plenum.

Kilder/metode

  • Det finnes mange ulike metoder for å måle tilstanden i et demokrati. Hovedinspirasjonen til denne oversikten kommer fra Economist Intelligence Unit (EIU).
  • EIU lager årlig en rapport hvor over 160 land scores på til sammen 60 kriterier. Indeksen er en av verdens mest leste demokrati-indekser.
  • EIU er analysebyrået til The Economist Group, som også gir ut tidsskriftet The Economist. Du kan lese mer på EIUs nettsider.

Kva er eit demokrati?

For at ein fotballkamp skal fungera, må laga på banen vera samde om reglane. Viss dei ikkje er samde om korleis dei skal spela, fører det til forvirring og eit resultat som ein eigentleg ikkje kan stola på.

Akkurat sånn er det i eit demokrati også: Dei ulike laga, eller partia, som stiller til val ønskjer ulike politiske utfall, men dei må vera samde om korleis dei skal spela.

Så, kva reglar gjeld i eit demokrati? Jamlege val og stemmerett for alle over 18 år er viktige kriterium, men er det nok?

Kva viss det berre er eitt parti som har reelt høve til å vinna valet? Kva om politikarane som har makta bruker ho til å undertrykkja delar av befolkninga?

Eller kva viss den eine stemma du tek ved val er den einaste moglegheita du har til å seia kva du meiner om politiske saker i løpet av fire år?

En jente står foran stortingsbygningen med en plakat i hånda.
Retten til å demonstrera er ein viktig del av demokratiet.
Foto: Stortinget

Meir enn berre val

Val er ein viktig del av demokratiet, men ikkje det einaste som skal til for at eit land skal vera demokratisk. For at land skal reknast som velfungerande demokrati, må ei lang rekkje kjenneteikn vera på plass.

Alle desse er som små tannhjul som samarbeider for å halda demokratiet i rørsle. Dersom nokon av tannhjula rustar eller sluttar å verka heilt, kan det føra til at demokratiet blir svekt og i verste fall bryt saman.

Alle demokrati må haldast ved like og vernast. Det skjer gjennom at folk deltek i politiske prosessar. Anten gjennom val, demonstrasjonar eller på andre måtar bruker ytringsfridommen sin.

Sjølv i land med lange demokratiske tradisjonar, som til dømes Noreg, kan demokratiet utfordrast og blir trua.

På denne sida kan du lesa meir om kva som kjenneteiknar eit godt og velfungerande demokrati, og nokre av truslane demokrati står overfor. Bruk menyen øvst på sidan for å bla mellom dei ulike kapitla.